Næringsprisen

Næringsprisen for 2011 frå Vestnes kommune

I sitt møte den 28.11.2011, behandla Vestnes formannskap tildeling av Næringsprisen for 2011
frå Vestnes kommune. Formannskapet vedtok at årets næringspris skal gå til Aas Mek. Verksted as,
6390 Vestnes. Næringsprisen består av ein statuett og ein eigen næringsprisdiplom.


Forslagstillar var Vestnes Høgre v/ Jan Rune Jacobsen. Grunngjevinga la vekt på at
Aas Mek. Verksted as feirar 100 år i år, og at verftet har betydd, og betyr, svært mykje for
Vestnes kommune. Forslagstillaren viser til verftshistoria heilt frå starten i 1911.
Vidare blir det peika på at brørne Johan, Olav og Halvard saman med dyktige og
høgt kvalifiserte medarbeidarar, no i nyare tid, har vidareutvikla verftet til å bli ei rasjonell,
kompetent og topp moderne bedrift. I grunngjevinga blir det også peika på gledelege og
positive framtidsutsikter når bedrifta i jubileumsåret, både har fulle ordrebøker og har mange tilsette.
Aas Mek. Verksted as framstår som ei tradisjonsrik og attraktiv verksemd,
kjend ikkje berre i Vestnes kommune, men også regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Næringsprisen for 2011 frå Vestnes kommune, blir markert og utdelt i
Vestnes kommunestyre sitt siste møte før jul, torsdag den 15. desember.

 

Vestnes kommune, 28.11.2011
Administrasjonssjefen

Utviklet av Korn Reklamebyrå